Opplev kunst i vakre omgjevnader
Måleri, grafikk og teikningar frå Eva Bull Holtes si samling.
Ny gjesteutstillar kvart år.
Følg oss på facebook
Skorigrendi i Åmotsdal har ei fargerik soge difor kan ein trygt seia at Sneie og Eva Bull Holtes Museum ligg på kulturhistorisk grunn. Her finn me dei gamle gardane Groven, Skori, Haugan, Kultan og Holtar. Dei ligg litt opp i liene og ringar inn den flate, fine dalbotnen.
Eva er mest kjend for sine landskapsmåleri med ein stram og fast komposisjon og ein begrensa fargepalett. Ho fann sine motiv både ute i Europa, i Danmark, Storbritannia, Spania, og heime i Norge. I dei siste åra var det Telemark og særleg fjellheimen i Åmotsdal som gjekk att i bileta hennar.